Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2 (MFG2-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Nye versjoner:
Vg2 bakar og konditor - BAK02-01
Vg2 matproduksjon - MPR02-01

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I matfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i matfag inneber å arbeide med rapportar og presentasjonar, gi og ta imot informasjon i det daglege arbeidet og kommunisere med samarbeidspartnarar og kundar.

Å kunne lese i matfag inneber å tileigne seg grunnleggjande fagkunnskap og gjere seg nytte av skriftleg informasjon som reseptar, ordrar og manualar, og å kunne halde seg orientert om den faglege utviklinga i bransjen. Det inneber også å kunne setje seg inn i relevant regelverk og å kunne forstå innhaldet i eit kvalitetsstyringssystem.

Å kunne rekne i matfag inneber å rekne om mengder etter reseptar, gjere enkle produksjonsoverslag og rekne ut råvaremengd, tidsbruk, kostnad, inntening og svinn.

Å kunne bruke digitale verktøy i matfag inneber å hente og oppsummere relevant informasjon for å dokumentere og presentere fagleg arbeid. Det vil også seie å kunne bruke digitale verktøy i arbeid med innkjøp, produksjon, lagerstyring, sal og kommunikasjon.

Side 4 Av 10

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!