Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 (HES2-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Ny eksamensordning for privatistar frå 1.8.2018.

Gjelder fra: 2018-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2021-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Helseservicefag skal medverke til å dekkje kompetansebehovet innanfor helseserviceyrka. Programfaga skal gi eit felles grunnlag for helseservicearbeidarar, som har ein viktig funksjon i det helsefremjande arbeidet, og som forstår kva god service, effektivitet og profesjonell kundebehandling har å seie.

Opplæringa i programfaga skal medverke til å utvikle evna til å yte service overfor kollegaer, pasientar og kundar, og til å samhandle med andre i yrkesutøvinga. Helseservicefaget skal gjere den enkelte sjølvstendig og medviten om eige ansvars- og kompetanseområde i ein kvardag prega av høgt tempo, samansette arbeidsoppgåver og utfordringar i arbeidsmiljøet. Opplæringa skal setje helseservicearbeidaren i stand til å arbeide raskt, effektivt og nøyaktig. Vidare skal opplæringa medverke til å utvikle etisk medvit, respekt for andre og evne til å kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn. Opplæringa skal også medverke til å utvikle kunnskap om og vilje til aktiv deltaking i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.Opplæringa skal vere praksisnær, tverrfagleg og gi heilskapleg kompetanse. Opplæringa skal leggje grunnlaget for vidare opplæring innan helseservicefag.

Struktur

Programområde for helseservicefag består av tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årsteg

Programfag

Vg2

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Omtale av programfaga

Helsefremjande arbeid

Programfaget handlar om korleis levevanar, fysisk aktivitet, kosthald og miljø påverkar helsa. Immunforsvaret, fordøyingssystemet og kva kosthaldet har å seie, står sentralt. Førstehjelp, grunnleggjande sjukdomsforståing, ergonomi og korleis service fremjar helse, hører med. Programfaget omfattar også helse, miljø og tryggleik, med særleg vekt på smittevern og hygienetiltak.

Kommunikasjon og samhandling

Programfaget handlar om kommunikasjon og samhandling i møte med pasientar, kundar og samarbeidspartar. Det omfattar bevisstgjering av eigen veremåte overfor pasientar og kundar, og kva respekt, toleranse og omsorg for andre har å seie i yrkesutøvinga. Vidare dreier det seg om observasjon av pasientar og kundar i tillegg til relevant regelverk om teieplikt og personvern.

Yrkesutøving

Programfaget handlar om dei elementa som er felles for yrka innanfor helseservicefaget, og dei krava som blir stilte til god yrkesutøving. Etikk, service, profesjonell kundebehandling og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Administrative rutinar og bruk av kontorteknisk og digitalt utstyr hører med til programfaget. Det omfattar også sentrale relevant regelverk for helsepersonell.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Helsefremjande arbeid 197 årstimar

Kommunikasjon og samhandling 140 årstimar

Yrkesutøving 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I helseservicefaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i helseservicefaget inneber å tilpasse kommunikasjonen til andre i ulike livssituasjonar og med ulik kulturell bakgrunn. Det inneber også å kunne formidle informasjon ved hjelp av faguttrykk og å utforme presentasjonar, planar, referat og dokumentasjon.

Å kunne lese i helseservicefaget inneber å forstå og tolke innhaldet i ulike fagspesifikke tekstar. Det vil også seie å kunne forstå og setje seg inn i relevant faglitteratur.

Å kunne rekne i helseservicefaget inneber å berekne kostnader og handtere betaling og oppgjer for pasient- og kundebehandling. Det inneber også å kunne forstå talstorleikar, gjere berekningar og presentere informasjon.

Å kunne bruke digitale verktøy i helseservicefaget inneber å hente inn, arbeide med og presentere ny informasjon. Det inneber også å kunne kommunisere med andre og utføre administrative rutinar og kjeldekritikk, og å utøve etisk skjønn.

Kompetansemål

Helsefremjande arbeid

Helsefremjande arbeid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for individuelle og miljømessige faktorar som kan påverke den psykiske og fysiske helsa
  • drøfte samanhengar mellom helse, levevanar, fysisk aktivitet og kosthald
  • forklare korleis fordøyingssystemet og immunforsvaret fungerer, og gi døme på psykiske og fysiske faktorar som kan påverke dei
  • beskrive symptom og allmenntilstand ved infeksjonar, forgiftingar og allergiske reaksjonar og gi døme på aktuelle tiltak
  • gjere greie for bruksområde og dei vanlegaste biverknadene for dei mest brukte reseptfrie legemidla
  • forklare kvifor det er viktig å følgje den behandlinga som blir føreskriven
  • gjere greie for kva god hygiene har å seie for å førebyggje sjukdom og hindre smitte, og demonstrere relevante hygienetiltak
  • forklare hovudprinsippa for helse, miljø og tryggleik og gi døme på kva konsekvensar dei har i yrkesutøvinga
  • forklare og vise samanhengar mellom ergonomi og helse
  • diskutere korleis utforming av lokale og service kan påverke velværet til folk

Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon og samhandling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for ulike måtar å kommunisere på og diskutere kva som fremjar god kommunikasjon
  • tilpasse kommunikasjon og samhandling til ulike pasientar og kundar i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn
  • gi døme på kva respekt, toleranse og omsorg inneber for yrkesutøvinga
  • forklare forskjellen på subjektiv og objektiv observasjon av pasientar og kundar, og drøfte kvifor det er viktig å gi korrekt tilbakemelding til samarbeidspartnarar
  • gjere greie for den dokumentasjonsplikt helsepersonell har, og drøfte betydninga av korrekt dokumentasjon for pasient- og kundetryggleiken
  • gjere greie for teikn og symptom på ulike psykiske reaksjonar hos pasientar og kundar, og demonstrere profesjonell framferd
  • gjere greie for kva teieplikt og personvern inneber i helseserviceyrka
  • gjere greie for informasjons- og rettleiingsrolla overfor kundar og pasientar
  • drøfte ulike strategiar for konflikthandtering og vise dei i praksis

Yrkesutøving

Yrkesutøving

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • drøfte kva profesjonell yrkesutøving inneber for helseservicefaga
  • drøfte kva god service og profesjonell kundebehandling inneber, og vise det i praksis
  • drøfte kva ulike brukar- og kundegrupper forventar av god service
  • utføre administrative arbeidsoppgåver som er felles for helseservicefaga, ved hjelp av digitale verktøy og andre kontortekniske hjelpemiddel
  • gjere greie for aktuelle frivillige organisasjonar og den informasjon og bistand dei kan gi
  • gi døme på utfordringar som helseservicefaga møter i yrkesutøvinga, og drøfte etiske dilemma
  • drøfte kor viktig det er å følgje planar og rutinar på arbeidsplassen
  • gjere greie for gjeldande regelverk for helsepersonell og gi døme på kva konsekvensar regelverket har for yrkesutøvinga
  • gjere greie for aktuelle trygdereglar og refusjonsordningar for legemiddel og andre trygdeytingar
  • forklare prinsippa for universell utforming
  • utføre førstehjelp som er relevant for yrkesutøvinga

Vurdering

Vg2 helseservicefag

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Helsefremjande arbeid

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kommunikasjon og samhandling

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Yrkesutøving

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Helsefremjande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!