Kva er kartleggingsprøver?

Kartleggingsprøvene hjelper skolane og lærarane med å finne dei elevane som treng ekstra hjelp i løpet av dei første skoleåra.

Nye kartleggingsprøver frå 2022

I tråd med innføring av nye læreplaner utvikler nye kartleggingsprøver. Dei nye prøvene blir digitale og er klare til gjennomføring frå 2022. Det betyr at vi ikkje gjennomfører kartleggingsprøver hausten 2021.

Det finst både obligatoriske og frivillige kartleggingsprøver i lesing og rekning. Prøvene er laga for elevar på 1. og 3. trinn.

Formålet med kartleggingsprøvene er det same som tidlegare, å finne dei elevane som treng ekstra hjelp og støtte.

Viktig at elevane ikkje øver på prøvene

Det er ikkje meininga at skolen og elevane skal øve på kartleggingsprøvene. Da mister lærarane moglegheita til å finne dei elevane som treng ekstra støtte og rettleiing.

Inga rapportering av resultata

Utdanningsdirektoratet samlar ikkje inn resultata på kartleggingsprøvene. Resultata skal ikkje brukast til å samanlikne skolar eller kommunar. Dei seier ingenting om kvaliteten på ein skole.

Dersom resultata viser at ein elev har behov for ekstra oppfølging, skal foreldra få tilbakemelding om prøveresultata og bli informerte om kva tiltak skolen set inn.

Oversikt over prøvene

Obligatoriske kartleggingsprøver

  • Lesing på 3. trinn
  • Rekning på 3. trinn

Frivillige kartleggingsprøver

  • Lesing på 1. trinn
  • Rekning på 1. trinn

Det blir utvikla eigne leseprøver på nord-, sør- og lulesamisk. Kartleggingsprøvene i rekning blir omsette og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk. 

Tilrettelagde versjonar av prøvene

Informasjon om tilrettelagde prøver for punktskriftbrukarar og teiknspråkbrukarar kjem. 

Sjå oversikt over prøveperiode.

Dersom skolen eller kommunen vel å gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, skal alle elevane på det aktuelle trinnet ta prøva.

Kan ein elev få fritak?

Elevar som er sjuke på prøvedagen, eller som har anna fråvær, skal få moglegheit til å ta prøva i ettertid.

Det er to grupper elevar som rektor kan vurdere fritak for.  Les meir om reglane for fritak.

Korleis blir prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med fagpersonar i Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for kartleggingsprøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!