Praksiskandidat

Praksiskandidat er ei ordning for vaksne som kan dokumentere lang og allsidig yrkespraksis. Ordninga er ikkje ei opplæringsordning, men ein rett til å melde seg til fag- eller sveineprøve utan opplæring i skole og læretid i bedrift.

Praksiskandidatar må ha bestått ein eigen skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen for lærefaget før dei melder seg opp til fag- eller sveineprøva.

Praksiskandidatar går opp til same praktisk prøve som lærlingar. Prøvenemnda i faget kan velje å be kandidaten om forslag til kvar fag- eller sveineprøva skal gjennomførast. Kandidaten kan foreslå at prøva vert gjennomført i den bedrifta han/ho er tilsett i.

Regelverk for praksiskandidatordninga

Retningslinjer for vurdering av kandidatens praksis

Fagopplæringskontora i fylka hjelper bedrifter og elevar med spørsmål om opplæring i bedrift.