Praksisbrevkandidat

Praksisbrevordninga er eit toårig opplæringsløp der elevane får opplæring i bedrift i eit utval av kompetansemål frå vg1, vg2 og vg3 i det gjeldande utdanningsprogrammet. Utvalet av kompetansemål vert gjort av fylkeskommunen i samarbeid med lokalt arbeidsliv.

Ordninga er for elevar frå grunnskolen som har svake karakterar og høgt fråvær, men som ikkje har lærevanskar eller særskilde opplæringsbehov. Opplæringa vert avslutta med ei praksisbrevprøve, og kandidaten får utferda eit praksisbrev. Kandidaten skal etter praksisbrevprøva kunne fortsette opplæringa og oppnå full kompetanse i lærefaget i løpet av ordinær opplæringstid.

I rundskriv for praksisbrevordninga Udir-2-2017 informerer vi om det viktigaste fylkeskommunen må ha kjennskap til om praksisbrevordninga. 

Fylkeskommunen hjelper bedrifter og elevar med spørsmål om opplæring i bedrift.