Mange lærlingar vart permitterte som følgje av koronasituasjonen

Permitterte lærlingar 2020–2022

Då Noreg stengde ned på grunn av koronapandemien våren 2020 vart mange lærlingar permitterte frå læreplassen sin. Ved den siste innsamlinga i februar 2022 var det berre eit fåtal permitteringar grunna pandemien.

Hovudfunn

  • På det meste var nesten 4 400 lærlingar permitterte som følgje av koronasituasjonen.
  • Lærlingane innan design og handverk og restaurant- og matfag var hardast ramma av permitteringar – nær halvparten vart permitterte på det meste.
  • 52 lærlingar var permitterte første veka i februar 2022. 49 av permitteringane var innan restaurant- og matfag.

Under pandemien har Utdanningsdirektoratet jamleg henta inn tal frå fylkeskommunane over lærlingar og lærekandidatar som vart permitterte grunna koronapandemien. Her finn du ei oppsummering av desse tala.

Tala omfattar både lærlingar og lærekandidatar, sjølv om nemninga lærlingar brukast.

Talet på permitteringar var høgast våren 2020. I veke 18 2020 var 4 379 lærlingar permitterte grunna pandemien. Dette svarar til 10 prosent av lærlingane.

Restaurant- og matfag vart hardast ramma over tid

Dei ulike utdanningsprogramma vart ramma svært ulikt; design og handverk og restaurant- og matfag vart hardast ramma. På det meste vart om lag halvparten av lærlingane i desse to utdanningsprogramma permitterte.

  • Av lærefaga er det frisørfaget og kokkefaget som hadde flest permitteringar.
  • Talet på permitterte innan design- og handverk gjekk raskt ned igjen då frisørsalongane kunne opne att.
  • For restaurant- og matfag gjekk nedgangen noko seinare. Dette skyldast truleg at tiltak som restaurantstenging, avstandskrav, grensar for kor mange som kunne samlast og skjenkestopp varte over lengre tid.
  • Utover hausten 2020 vart det stadig færre permitterte, men dette snudde då samfunnet stengte ned igjen mot sluten av året. Då var det hovudsakleg lærlingar innan restaurant- og matfag som vart ramma av permitteringar.
  • Også i 2021 utgjorde lærlingar innan restaurant- og matfag det store fleirtalet av dei permitterte; dei andre utdanningsprogramma var i liten grad påverka.
  • I starten av 2022 var det ein liten auke i permitterte, men denne gjekk fort ned igjen.
  • Innsamlinga vart avslutta etter veke 5 2022.

Om tala permitterte lærlingar og lærekandidatar

Utdanningsdirektoratet har under pandemien jamleg innhenta tal frå fylkeskommunane på lærlingar og lærekandidatar som på grunn av koronasituasjonen er blitt permittert eller oppsagde frå læreplassen sin. Hensikten er å få eit oppdatert bilete av konsekvensane koronasituasjonen har hatt for desse.

  • Tala omfattar både lærlingar og lærekandidatar, sjølv om nemninga lærlingar brukast.
  • Tala viser permitterte lærlingar som fylkeskommunane har oversikt over på rapporteringstidspunktet.
  • Tala tek ikkje omsyn til i kor stor grad lærlingen er permittert. Ein lærling som er delvis permittert reknast likevel som permittert.
  • Tala har ikkje vore gjennom ordinære kvalitetssikringsrutinar, og dei kan derfor ikkje sest på som nasjonal statistikk.
  • Kor ofte tala er samla inn har variert, og det er også periodar der det ikkje har vore innsamling. Oftast er tala samla inn på tysdag og publisert torsdag same veke.
  • For å kunne berekne delen som er permitterte, brukast oppdaterte tal på løpande lærekontraktar som fylkeskommunane rapporterer.
  • Ikkje alle fylka har oppdaterte tal for kvar innsamling, og i slike høve blir den siste tilgjengelege rapporteringa brukt.

* Medium og kommunikasjon (gamal ordning) er gruppert saman med design og handverk. Frå og med veke 3 2022 gjeld dette også frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign og handverk, design og produktutvikling.

** Informasjonsteknologi og medieproduksjon og sal, service og reiseliv er inkludert saman med service og samferdsel frå og med veke 3 2022.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!