Tre råd til norsk skole, OECD rapport

Ei ekspertgruppe frå OECD har gjort ein fullstendig gjennomgang av arbeidet med evaluering og vurdering i norsk skole. Gruppa kjem med tre råd for korleis norsk skole kan bli betre. 

Noregs sterke sider

Ekspertgruppa meiner det er positivt at det både er sterk politisk vilje og einigheit i sektoren om å prioritere evaluerings- og vurderingsspørsmål i skolen.

Dei peikar på ein betydeleg utvikling sidan 2004, med mellom anna innføring og vidareutvikling av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS).

Det er utvikla fleire verktøy og prosedyrar for kvalitetsvurdering. Gruppa viser mellom anna til brukarundersøkingar, nasjonale prøver, Ståstedsanalysen, Skoleporten.

Tre råd til forbetring

OECD trekk fram tre område dei meiner Noreg bør prioritere for å styrkje arbeidet med evaluering og vurdering:

1. Tydeleggjera mål og kriterie for kva som er god kvalitet

OECD peikar på at nasjonale myndigheiter på fleire område ikkje er tydelege nok i sine forventingar til skolar og skoleeigarar. Noreg manglar klare kriterie for å definere kvalitet i utdanningssystemet og strategiar for å kommunisere dette tydeleg til sektoren frå nasjonalt nivå.

2. Fullfør Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) slik at det framstår som eit samanhengande system

OECD meiner det er naudsynt å vidareutvikle systemet fordi formålet med og samanhengen mellom dei ulike verktøya og datakjeldene i NKVS ikkje har vore kommunisera tydeleg nok.

OECD undersstrekar verdien av å integrere lærarvurdering i NKVS slik at vurdering av undervisningspraksis blir satt i samanheng med profesjonsutviklinga til lærarane og med skolebasert vurdering og forbetring av skolen. Dei anbefalar at Noreg etablerar ein felles karrierestruktur for lærarar som er knytt til felles kvalitetsstandardar.

3. Halde fram å bygge evaluerings- og vurderingskompetanse blant lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar

OECD understrekar at ein vellykka innføring og bruk av eit evaluerings- og vurderingsrammeverk er avhengig av at profesjonelle i fylke, kommunar og skolar har forståinga og kompetansen det krev for å innhente, analysere og fortolke den informasjonen dei får gjennom evalueringar og vurderingar som har for augo å forbetre praksis.

Om arbeidet med rapporten

Rapporten er ein del av OECDs gjennomgang av korleis evaluerings- og vurderingssystem kan forbetre kvalitet, likeverd og effektivitet i grunnopplæringa. Prosjektet starta i 2010 og omfattar 23 land.

Noreg har tidlegare skrive ein rapport til OECD om korleis vi arbeider med evaluering og vurdering. Noreg har også hatt besøk av ei ekspertgruppe frå OECD som hadde samtaler med rundt 150 personar på alle nivå – frå politisk leiing til elevar. Rapporten frå Noreg og besøket frå ekspertgruppa dannar grunnlaget for anbefalingane frå OECD.