Opplæringslova
§ 13-2 a Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskole- og vidaregåande opplæring i fengsel
Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter denne lova for innsette i fengsel innanfor vedkommande fylkeskommune.
Når opplæringa skjer i fengsel, skal kriminalomsorga sørgje for nødvendige lokale til formålet.
Føyd til med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 842).