Forskrift til opplæringslova
§ 10-3 Vilkår for dispensasjon frå kravet om gratis skyss
Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter § 7-2 i opplæringslova kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:
- Fylkeskommunane må ha ei ordning med subsidierte rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50% av vanleg månadskort for vaksne.
- Eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skole, arbeid og fritidsaktivitetar.
- Rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjeld for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
- Ordninga må omfatte minst heile skoleåret.