Eksamen for privatistar

Privatistar kan melde seg til eksamen i fag der dei tidlegare har bestått heilt, bestått delvis eller ikkje bestått. Regelen for oppmelding for privatistar går fram av § 3-24 i forskrift til opplæringslova. Privatistar som forbetrar karakterane sine, eller tar nye fag, har rett til ny dokumentasjon av dette. Denne regelen går fram av forskrifta § 3-35.

I enkelte fag blir det gitt to standpunktkarakterar, vanlegvis skriftleg og munnleg. Dette gjeld for eksempel fellesfaget norsk samt dei valfrie programfaga internasjonal engelsk, samfunnsfagleg engelsk, engelskspråkleg litteratur og kultur og framandspråk nivå III. Dersom ein elev ikkje har bestått anten den munnlege eller skriftlege delen av faget, og ikkje nyttar seg av retten til å gå opp til ny eller særskild eksamen, blir standpunktkarakteren i faget stroken. Da er privatisteksamen einaste moglegheit for å bestå faget. Dersom ein ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i for eksempel norsk munnleg, vil standpunktkarakteren bli stroken, men ein beheld standpunktkarakterane som er gitte i skriftleg hovudmål og sidemål. Det vil da vere tilstrekkeleg å gå opp til eksamen i den delen av faget som ikkje er bestått. Likeins er det mogleg å forbetre ein av karakterane ved å gå opp til privatisteksamen i skriftleg eller munnleg.

I dei tilfella der det berre blir gitt éin standpunktkarakter i faget, men det finst to eksamensformer (vanlegvis skriftleg og munnleg), kan derimot ikkje privatistar bestå eller forbetre faget ved å ta berre éin av eksamenane. Bakgrunnen for dette er at den skriftlege og munnlege kompetansen i faget kjem til utrykk i ein samla standpunktkarakter. Dette gjeld for eksempel fellesfaga framandspråk og engelsk samt enkelte programfag som fysikk 2 og kjemi 2. Privatistar må derfor gå opp til både munnleg og skriftleg eksamen for å bestå eller for å forbetre karakteren i faget.