Ansvarsforholdet mellom skoleeigar og NAV HELFO når det gjeld retten til logopedhjelp

Fylkesmannen i Vestfold har bedt Utdanningsdirektoratet klargjere forholdet mellom logopedhjelp som kommunen har ansvar for, og logopedbehandling som følgje av sjukdom, skade eller lyte som NAV HELFO har ansvar for.

Fylkesmannen viser til at det i Vestfold har utvikla seg ein praksis der kommunen viser elevar med behov for logopedhjelp til NAV HELFO med den grunngivinga at det ikkje finst tilbod om logopedhjelp i kommunen. Fylkesmannen i Vestfold viser til at denne praksisen ser ut til å basere seg på brev datert 29. februar 2008 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, også gitt att i Meld. St. 18 (2010-2011), side 25.

Kommunen har plikt til å gi spesialundervisning der elevar fyller vilkåra for å få dette. Både logopedhjelp og audiopedagogiske tenester kan inngå som ein del av det spesialpedagogiske tilbodet, og det er da kommunens ansvar å sørgje for at eleven får oppfylt sin rett til slike tenester.

Situasjonar der logopedhjelp er gitt som ledd i spesialundervisninga, må i alle høve skiljast frå tilfella der det er behov for logopedbehandling som følgje av sjukdom, skade eller lyte. I desse tilfella er det NAV HELFO som skal vurdere om søkjaren fyller krava til stønad til slik behandling etter folketrygdlova § 5-10.

Brevet datert 29. februar 2008 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet inneheld ei formulering om at “Kommunen skal vurdere om søkeren har rett til logopedisk/audiopedagogisk tilbud etter opplæringsloven § 5-1 og 5-7, og om den har behandlingstilbud til bruker eller ikke."

Dette inneber at kommunen er ansvarleg for logoped-/audiopedagogtilbod som er heimla i enkeltvedtak om spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, og kommunen kan ikkje vise desse elevane til NAV HELFO med den grunngivinga at det ikkje finst logopedteneste i kommunen. For å få rett til spesialundervisning er det elevens behov som er avgjerande, ikkje kommunal økonomi og kva personale kommunen har tilsett. Dersom kommunen ikkje har eigen logopedteneste/audiopedagog, pliktar dei å sørgje for at eleven får tilbod om dette på annan måte, anten ved interkommunalt samarbeid eller ved å kjøpe tenester av privatpraktiserande logopedar/audiopedagogar.

Det er berre der behovet for logoped/audiopedagog kjem av sjukdom, skade eller lyte, og søkjaren ikkje har krav på logopedhjelp som spesialundervisning, at sakene skal sendast til NAV HELFO for vurdering.