Forskrift til privatskolelova
§ 8-1 Framgangsmåte
Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i privatskolelova § 4-3 og § 7-1e tredje ledd. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.
Endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 15 juni 2022 nr. 1056.