Forskrift til privatskolelova
§ 7B-5 Bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar
Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.
Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova § 9A-4 og § 9A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.
Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak.
Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021), endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1056.