Forskrift til privatskolelova
§ 6-4 Vilkår for dispensasjon frå kravet om gratis skyss
Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter privatskolelova § 3-7 kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:
- heimfylket må ha ei ordning med subsidiert rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50 % av vanleg månadskort for vaksne
- eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar
- rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjelder for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar
- ordninga må omfatte minst heile skoleåret.
Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 15 juni 2022 nr. 1056.