Forskrift til privatskolelova
§ 5a-3 Godkjenning innan vidaregåande opplæring av tidlegare bestått opplæring i Noreg eller i utlandet
Ein elev som tidlegare har bestått eit fag som er det same faget, eller som er likeverdig med eller meir omfattande enn eit fag etter læreplanen for skolen, skal få godkjenning for dette som bestått fag etter læreplanen. Dette gjeld anten det aktuelle faget er bestått i Noreg eller i utlandet. Eleven må søkje dagleg leiar om slik godkjenning, og må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.
Ein elev som har gjennomført og bestått eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 og/eller Vg2, kan søkje dagleg leiar om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring. Denne ordninga gjeld for alle utdanningsprogramma. Dagleg leiar skal vurdere søknaden og gje godkjenning når innhaldet i opplæringsåret i utlandet er likeverdig med eller meir omfattande enn opplæringa etter læreplanen. Opplæringsåret i utlandet må ha hovudvekta på den fagkrinsen ein finn i det tilsvarande norske opplæringsåret, men det er ikkje krav om at den utanlandske opplæringa inneheld alle dei einskilde faga i det aktuelle utdanningsprogrammet. Søkjaren må leggje fram nødvendig dokumentasjon på den utanlandske opplæringa. Dagleg leiar kan gje tilsegn om godkjenning på vilkår før eleven dreg til utlandet.
Avgjerd etter første og andre ledd er enkeltvedtak som det kan klagast på til statsforvaltaren.
Tilføyd ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).