Forskrift til privatskolelova
§ 5a-1 Opplæring i skriftleg sidemål i grunnskolen
For desse grunnskoleelevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:
- elevar som får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5
- elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
- elevar som har kvensk eller finsk som andrespråk
- elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk.
Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-19.
Tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356, endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 9 des 2019 nr. 1700, 15 juni 2022 nr. 1056, 14 nov 2022 nr. 1959.