Forskrift til privatskolelova
§ 4-1 Formålet med foreldresamarbeid
Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. privatskolelova § 1-1 og § 7-1d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til god oppfølging av eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.
Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 15 juni 2022 nr. 1056.