Forskrift til privatskolelova
§ 3-36 Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær
Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. privatskolelova § 5-2.
Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.
Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.
Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.
Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.