Forskrift til privatskolelova
§ 3-29 Særskild tilrettelegging
Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag, jf. privatskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.
Dagleg leiar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til dagleg leiar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Dagleg leiar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021), 15 juni 2022 nr. 1056.