Forskrift til privatskolelova
§ 3-26 Trekk til eksamen
Om elevar skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.
Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.
Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. forskrift til privatskolelova § 2A-11, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.