Forskrift til privatskolelova
§ 3-22 Om eksamen
Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Eksamen skal gi eleven høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.