Forskrift til privatskolelova
§ 3-22. Fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving
Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Fritekne elevar skal ha halvårsvurdering utan karakter og anna undervegsvurdering utan karakter.
0 Endra ved forskrifter 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).