Forskrift til privatskolelova
§ 3-18 Fritak frå vurdering med karakter for elevar i innføringstilbod m.m.
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.
Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.
Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.