Forskrift til privatskolelova
§ 3-17. Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet.
Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal vere kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.
Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.
Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.
Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan dagleg leiar krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.
Dagleg leiar har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-7.
For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter friskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.
0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).