Forskrift til privatskolelova
§ 3-14 Sluttvurdering
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 3-3.
Sluttvurderingar er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.
Når ein elev har ein sluttvurdering i eit fag skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan da ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 2A-11, kan velje om faget skal godkjennast etter § 5a-3, eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.