Forskrift til privatskolelova
§ 3-14. Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.
Frå 8. årstrinnet skal det også givast halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret på 8. og 9. årstrinnet. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.
I vidaregåande opplæring i skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd etter § 3-18.
Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.
0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).