Forskrift til privatskolelova
§ 3-10 Undervegsvurdering i fag
All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.
I undervegsvurderinga i fag skal elevar
- delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4. Elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056.