Forskrift til privatskolelova
§ 2B-1 Leksehjelp i grunnskolen
Skolen skal tilby leksehjelp, jf. privatskolelova § 7-1e, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik skolen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.
Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.
Skolen er ansvarleg for leksehjelpa og vel korleis leksehjelpa skal organiserast.
Skolen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.
Skolen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.
Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan skolen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.
Tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 13 juni 2014 nr. 890 (i kraft 1 aug 2014), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 8 juni 2018 nr. 845, 15 juni 2022 nr. 1056.