Forskrift til privatskolelova
§ 2A-4a Skolar som er godkjent på grunnlag av ein særskilt profil
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell fagleg merksemd retta mot et emne, må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, må synleggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen
Reglane i første til tredje ledd gjeld skolar som er godkjent etter tidlegare friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i. Godkjenningsgrunnlaget i bokstav i er oppheva, jf. kgl.res. 10. juni 2022 nr. 997.
Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrifter 2 juli 2020 nr. 1493, 15 juni 2022 nr. 1056, 23 juni 2022 nr. 1159.