Forskrift til privatskolelova
§ 2A-3 Skolar godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning
Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b, må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i høve til grunnlaget til skolen. I høve til kompetansemåla i LK20/LK20S kan det godkjennast å flytte kompetansemål frå eit trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolen skal kunne ivareta sin pedagogiske egenart.
Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 2 juli 2020 nr. 1493, 15 juni 2022 nr. 1056.