Forskrift til privatskolelova
§ 2A-12 Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg - vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om alle desse vilkåra er oppfylte:
- Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5
- Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder
- Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.
Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd jf. privatskolelova § 3-3, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-5 for å kunne følgje denne læreplanen på ein skole som tilbyr opplæring etter han.
Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrift 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017), 15 juni 2022 nr. 1056.