Forskrift til privatskolelova
§ 2A-1 Generelle krav til læreplanen
Alle læreplanar som godkjennast etter privatskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna. Læreplanen må vere jamgod med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk (LK20/LK20S) og omfatte
- overordna del i LK20/LK20S eller annan tilsvarande plan.
- læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av desse delane:
- fag- og timefordeling.
- ei omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal nytte.
Grunnskolar kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Styret fastset fag- og timefordeling for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag kjem fram.
Læreplanen for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.
Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 29 juli 2013 nr. 934 (i kraft 1 aug 2013), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 20 juni 2017 nr. 848, 2 juli 2020 nr. 1493, 15 juni 2022 nr. 1056.