Forskrift til privatskolelova
§ 2-7 Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
For elevar som får spesialundervisning etter privatskolelova§ 3-6, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-4 og § 2-5 første ledd. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Klageinstansen i grunnskolen er statsforvaltaren i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til privatskolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.
Departementet kan fastsetje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.
Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021), endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1056, 14 nov 2022 nr. 1959.