Forskrift til privatskolelova
§ 11-8 Fulltidselev og deltidselev
Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.
Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.
Styret ved skolen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre innvilgast når det ligg føre tungtvegande grunnar.
Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar.
Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).