Forskrift til privatskolelova
§ 11-6 Særlege reglar om inntak på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve
Styret ved skolar godkjent for Vg1 i utdanningsprogram for musikk, dans og drama og utdanningsprogram for idrettsfag kan fastsetje i inntaksreglementet at plassane på desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut frå karakterar. Det same gjeld for skolar med særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett.
Tildeling på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve kan berre skje i situasjonar med oversøking.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).