Forskrift til privatskolelova
§ 11-13 Inntak som deltidselevar til Vg2 eller Vg3
Søkjarar som ikkje fyller vilkåra i § 11-11 eller § 11-12 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle takast inn som deltidselev. Styret ved skolen fastset korleis inntaket skjer.
Skolen kan ta inn som deltidselev ein søkjar som
- manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
- manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
- har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).