Forskrift til privatskolelova
§ 11-10 Søkjarar utan karakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag
For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.
For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag, skal søknaden vurderast individuelt.
Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter forskrift til opplæringslova § 4-29.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.