Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
Hovudtema: Skolebasert vurdering
Vi har gjennomført tilsyn med skolebasert vurdering i 71 kommunar og fylkeskommunar og 11 friskolar. 77 offentlege grunn- og vidaregåande skolar har vore involverte i tilsyna.
Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa bidrar til at elevane når måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller ein annan godkjend læreplan. I tilsyna er det kontrollert om skolen
- har ei brei og samla vurdering av måloppnåinga til elevane
- vurderer om endringar kan bidra til større måloppnåing hos elevane
- følger opp eventuelle endringar
- sikrar ein brei medverknad i gjennomføringa
- gjennomfører vurderinga jamleg
Kva viser tilsyna om skolebasert vurdering?
Funn frå tilsyna viser at skolane ikkje er gode nok til å vurdere kva kunnskapsgrunnlag som krevst for å vite om alle elevgruppene når måla i læreplanverket.
I den skolebaserte vurderinga skal skolen sjå på kva endringar som best kan auke måloppnåinga for elevane innanfor det valde temaet. Måloppnåinga siktar her til alle måla i læreplanverket som inngår i det valde temaet, ikkje berre faglege mål. I kravet ligg det at skolen må vurdere endringar innanfor ulike rammevilkår for opplæringa og ikkje berre sjå på enkelte typar tiltak. Det kan vere nye tiltak, utviklingsarbeid eller ei vidareføring av det skolen allereie gjer.
Tilsyna viser at skolane ikkje er gode nok til å analysere informasjonen frå kunnskapsgrunnlaget og vurdere endringar for skolen som heilskap på systemnivå. Ved skolebasert vurdering må vurderinga lærarane gjer, sjåast samla og heilskapleg, sjølv om konsekvensane av endringane i nokre tilfelle primært vil vise seg i enkelte klassar eller i enkelte fag.
Når det gjeld kravet om at skolane skal gjennomføre den skolebaserte vurderinga jamleg, har tilsyna avdekt fleire brot på regelverket utover i perioden. Dette blei ikkje kontrollert tilsvarande i 2014, men sidan 2015 har det vore meir enn ei fordobling av talet på brot på dette kravet.
Skolebasert vurdering er viktig for at skolane skal vere ein lærande organisasjon, gjennomføre endringar og sette i verk nødvendige tiltak for å auke måloppnåinga hos elevane. Skolane skal derfor gjennomføre skolebasert vurdering jamleg. Det inneber i utgangspunktet ei årleg vurdering. Skolane kan likevel bruke skjønn og vurdere tidsbruken opp mot det som er forsvarleg.