Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017

Hovudtema: Skoleeigarperspektivet i tilsyna – forsvarleg system

Denne delen av det felles nasjonale tilsynet blei tatt inn frå og med hausten 2015. Skoleeigarane skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i regelverket blir oppfylte. Vidare skal dei ha eit forsvarleg system for å følge opp resultata av desse vurderingane. For at eit system skal vere forsvarleg, må det vere eigna til å avdekke og rette opp ein praksis som er i strid med lov eller forskrift.

Det er til saman gjennomført 26 tilsyn med det forsvarlege systemet knytt til utbytte av opplæringa, forvaltningskompetanse eller skolebasert vurdering. Dette gir oss ikkje eit godt nok grunnlag for å vurdere kor godt skoleeigarane oppfyller krava i regelverket generelt, men vi fann eitt eller fleire brot på regelverket hos 22 av dei 26 skoleeigarane.

Risiko for brot på regelverket på skolenivå var styrande for valet av tilsynsobjekt, og vi vurderte tilsyn med det forsvarlege systemet til skoleeigarane basert på ei vurdering av risiko for regelverksbrot på skoleeigarnivå. Tilsyn med det forsvarlege systemet kunne initierast på ulike stadium i tilsynsprosessen. Vi kunne varsle tilsyn med ansvaret til skoleeigaren

  1. samtidig med andre tema
  2. undervegs i tilsyna
  3. uavhengig av tilsyn med dei opphavlege temaa med undersøkingar på skolenivå