Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017

Rettleiingsaktivitetar i det felles nasjonale tilsynet

Som ein del av det felles nasjonale tilsynet 2014–2017 har vi gjennomført rettleiingsaktivitetar for å gjere skoleeigarane og skolane kjende med temaa for tilsynet og kva krav regelverket stiller til praksisen ved skolen. Dei to første åra fekk Utdanningsdirektoratet rapportar frå fylkesmennene om kva slags rettleiing dei hadde gjennomført, og korleis rettleiinga blei gjennomført. Vi har ikkje ei tilsvarande rapportering for 2016 og 2017, men også da gjennomførte fylkesmennene fleire rettleiingstiltak. Ulike former for rettleiing har vore retta mot skoleeigarane og skoleleiarane som har hatt tilsyn, men det er også gjennomført samlingar der målet har vore å førebu og informere alle skoleeigarar og skoleleiarar om temaa for det felles nasjonale tilsynet og kva krav som blei kontrollerte gjennom tilsyna.

I løpet av 2014 og 2015 blei det gjennomført 148 rettleiingssamlingar på landsbasis. Dei fleste hadde både skolar, kommunar, fylkeskommunar og private skoleeigarar som målgruppe. Samlingane var retta mot enten skoleeigarar eller skoleleiarar. Enkelte fylkesmenn gjennomførte fleire samlingar, slik at skolane og skoleeigarane fekk fleire høve til rettleiing. Berre i 2014 deltok 67 prosent av kommunane og fylkeskommunane på samlingar om det felles nasjonale tilsynet.

Ressursbruk til rettleiing og læring

Når det gjeld tidsbruk på ulike former for (opp)læring, anslår Difi at det på opplæringsområdet blir brukt

3,4 årsverk til læringsaktivitetar i tilknyting til tilsyn. Til samanlikning blir det tilsvarande brukt 1,4 årsverk på helse- og omsorgsområdet. Ifølge Difi bruker altså kvart embete 0,2 årsverk til rettleiing i tilknyting til tilsyn. Det betyr at det blir brukt 46 dagar til rettleiingsaktivitetar i tilknyting til tilsyn per embete. Til
samanlikning blir det på helse- og omsorgsområdet brukt 0,08 årsverk per embete, noko som tilsvarer cirka 19 dagar til rettleiingsaktivitetar i tilknyting til tilsyn.

Rettleiing og læring

Tilbakemeldingar frå fylkesmenn, kommunar og skoleleiarar viser at det å kombinere tilsyn og rettleiing blir oppfatta som positivt. I Difi-rapport 2015:19, om statleg styring av kommunane, går det fram at haldninga til tilsyn på grunnskoleområdet har endra seg dei seinaste åra. Målgruppa og brukarar på alle nivå gir tilbakemelding om at dagens tilsynsmetodikk er godt eigna og støttar måla om å nå gode kommunale tenester.

I ei brukarundersøking hausten 2017 spurde vi skoleeigarar og skoleleiarar om involvering i FNT 2014–2017. Her er svara:

  • 80 prosent av fylkeskommunane svarte at dei hadde vore involverte.
  • 63 prosent av kommunane svarte at dei hadde vore involverte.
  • 60 prosent av fylkeskommunane og 40 prosent av kommunane hadde gjennomført eigenvurdering i eitt eller fleire tema.
  • 46 prosent av dei vidaregåande skolane hadde gjennomført eigenvurderingar, medan 27 prosent av grunnskolane hadde gjennomført eigenvurderingar på skolenivå.

Mange skoleleiarar svarte at dei hadde fått større kompetanse innanfor dei ulike områda av FNT, men svara varierer frå tema til tema. Særleg mange positive svar blei gitt innanfor temaa vedtak om spesialundervisning og særskild språkopplæring. Her svarte 83 prosent av skoleleiarane ved vidaregåande skolar og 72 prosent av skoleleiarane ved grunnskolar at dei hadde fått større kompetanse i nokon eller stor grad. Innanfor området undervegsvurdering svarte 74 prosent av dei vidaregåande skolane og 72 prosent av grunnskolane at dei i nokon eller stor grad hadde fått større kompetanse. Skoleeigarane, særleg fylkeskommunane, meinte dei hadde fått større kompetanse som følge av det felles nasjonale tilsynet.

Kommunane er meir positive til statlege tilsyn

I Difi-rapport 2016:5, Statens tilsyn med kommunen. Organisering, omfang, nytte og forbetringsmoglegheiter, framhevar Difi at kommunane er meir positive til statlege tilsyn enn tidlegare. Statlege tilsyn inneber heller inga urimeleg belastning på kommunane i form av tidsbruk. Samtidig er det enkelte sider ved samordninga av tilsyna som kan bli betre, og det er rom for betre tilpassing av ulike verkemiddel ut frå den kjennskapen Fylkesmannen har til lokale forhold. Samordninga med den kommunale eigenkontrollen synest å vere svak, men Difi presiserer at kommunal eigenkontroll ikkje kan erstatte den eksterne kontrollen som tilsyna representerer. Fylkesmennene og kommunane er einige om
at statlege tilsyn bidrar til læring i kommunane.

Behov for statlege tilsyn

I ein rapport frå KS, utarbeidd av PWC i 2015, kom det fram at da informantane i undersøkinga blei bedt om å komme med konkrete forslag til korleis ein styrkt eigenkontroll i praksis kunne redusere statlege tilsyn, var det noko utfordrande. Det var ei utbreidd haldning at talet på statlege tilsyn ikkje nødvendigvis var for stort. Dei fleste var opptatt av å behalde dei statlege tilsyna, grunngitt i behovet for å bli kontrollert av ein uavhengig instans.