Skoleeigar har ansvar for å ta hand om opplysningsplikta til barnevernet

Tilsette i skolen har opplysningsplikt overfor barneverntenesta, og må ikkje la vere å melde bekymring i frykt for å bryte teieplikta. 

Skoleeigar har ansvar for at dei tilsette tar vare på denne plikta.  

Opplysningsplikt til barnevernet

Tilsette i skolen har opplysningsplikt overfor barneverntenesta

  • når det er grunn til å tru at barnet opplever alvorleg omsorgssvikt
  • når det er grunn til å tru at barnet har ein alvorleg eller livstruande skade eller sjukdom og ikkje får undersøking eller behandling
  • når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt behovet sitt for behandling eller opplæring
  • når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar
  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel

Dette står i opplæringslova § 15-3 og privatskolelova § 7-4.

Skolen skal derimot ikkje sende melding til barneverntenesta berre fordi samarbeidet mellom skolen og foreldra er vanskeleg, og heller ikkje dersom dei er ueinige med foreldra om korleis dei skal leggje til rette skolekvardagen for eleven.

Skolen bør opplyse foreldra om kvifor dei har grunn til å tru at vilkåret for å sende melding til barneverntenesta er oppfylt. Dette bør dei gjere før dei sender melding. 

Skoleeigar har ansvaret for at krava i opplæringslova og friskolelova samt forskriftene til lova blir følgde.

Unntak frå teieplikt

Tilsette i skolen kan ikkje la vere å melde bekymring til barneverntenesta i frykt for å bryte teieplikta. Sjølv om skolen har funne grunn til å tru at vilkåra i lova for å sende melding er oppfylte, kan barneverntenesta kome til at det ikkje er grunnlag for å treffe noko tiltak etter barnevernlova. Teieplikta er ikkje broten sjølv om det seinare viser seg at situasjonen var mindre alvorleg enn først antatt.

Meir om bekymringsmelding frå skole til barnevern 

Oppfølging frå statsforvaltaren

Ei melding til barnevernet er ikkje eit enkeltvedtak. Det betyr at foreldre ikkje har klagerett.

Foreldre kan melde frå til statsforvaltaren dersom dei meiner at skoleeigar tolkar regelverket feil, for eksempel at skoleeigar bryt teieplikta ved å melde bekymringar rutinemessig til barneverntenesta. Statsforvaltaren må vurdere informasjonen og om dei skal følgje opp med rettleiing eller tilsyn.

Rettleiing

Statsforvaltaren kan rettleie både skoleeigar, enkeltelevar og foreldre om korleis dei skal forstå regelverket. Dette kan bidra til løysing i enkeltsaka og til at skoleeigar endrar praksisen sin i samsvar med regelverket.

Tilsyn

Statsforvaltaren prioriterer bruk av tilsyn etter ei risikovurdering. Det vil seie at tilsyn blir nytta der sannsynet for brot på regelverket er høgt og konsekvensane er alvorlege.

I tilsyn skal statsforvaltarane undersøkje skoleeigaren sin praksis og gjere ei vurdering av om skoleeigar følgjer reglane. Statsforvaltaren kan påpeike lovbrot når dei har tilstrekkeleg dokumentasjon på at skolen sannsynlegvis har brote regelverket. Sakene til enkeltpersonar er relevante som ein del av grunnlaget for å vurdere om skoleeigar overheld regelverket.