Prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar

Tilskott kan bli gjeve som prosjektstøtte til private og frivillige organisasjonar. Formålet er å stimulere organisasjonar til å iverksette tiltak som kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa.

Frå og med 2018 kan det berre søkjast om tilskott til prosjektretta tiltak, og ikkje til organisasjonar si ordinære drift.

Kven kan få prosjektstøtte?

Private og frivillige organisasjonar, inkludert ideelle aksjeselskap, som fullt ut fyller desse kriteria:

  • er registrert i Einingsregisteret
  • har eit ideelt formål i samsvar med sine vedtekter
  • representerer ei interessegruppe, brukargruppe, eit fagfelt etc.
  • ikkje er organisert av det offentlege
  • baserer sitt arbeid på medlemsavgifter eller støtte frå offentlege styresmakter og/eller private gjevarar
  • ikkje har som formål å tene pengar (non-profit)
  • har vedtektsfesta at eit eventuelt overskott skal tilbakeførast til organisasjonen si drift
  • kan bidra på ein positiv måte for å nå måla for grunnopplæringa

Om ordninga

Prosjektstøtte kan bli gjeve for å stimulere private og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som kan bidra til å nå dei overordna sektormåla for grunnopplæringa, jf. Kunnskapsdepartementet sin årlege budsjettproposisjon, Programkategori 07.20 Grunnopplæringa, side 38 flg. (pdf).

Sektormåla for grunnopplæringa:

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.
  • Elevar skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.
  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Dei prosjektretta tiltaka må vere landsdekkande, og nå flest mogeleg elevar og skolar. Forventa nytteeffekt må kunne synleggjerast gjennom skildring av planlagde eller igangsette aktivitetar/tiltak.

I statsbudsjettet blir det fastsett kva målsettingar og formål som skal prioriterast for tilskottstildeling det enkelte budsjettåret. Av Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2018 går det fram følgjande føresetnader for tilskottstildeling:

«Formålet med tilskottsordninga er å stimulere organisasjonane til å sette i verk prosjektretta tiltak som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga.»

Blant sektormåla for grunnopplæringa skal det for 2018 prioriterast å tildele tilskott til prosjekt som bidrar til å styrke grunnleggande ferdigheter og/eller arbeidet mot mobbing i brei forstand. Det er berre søknader med tiltak i samsvar med desse to sektormåla som vil bli vurderte for eventuell tilskottstildeling.

F.o.m. 2018 kan det ikkje søkast om tilskott til organisasjonars ordinære drift. Omsøkte tiltak må gjelde prosjektretta aktivitetar, som er tidsavgrensa og som blir følgt opp som eigne økonomiske einingar. Prosjekta kan vere eittårige eller fleirårige, men det er berre høve til å søkje om midlar til bruk i eitt år av gangen.

Utdanningsdirektoratet vurderer søknadene og fattar vedtak om fordeling av midlar etter ei totalvurdering på grunnlag av skjønn.

Tilskottsordninga er budsjettstyrt. Løyvinga til tilskottsordninga i statsbudsjettet fastset ramma for den totale tilskottssummen som kan bli innvilga.

Om statsbudsjettet for tilskottsposten blir vedteke i samsvar med budsjettframlegget for 2018, vil om lag 8 mill. kroner vere søkbar for private og frivillige organisasjonar som har prosjektretta tiltak som kan bidra til måloppnåing for det to prioriterte sektormåla i grunnopplæringa, jf. ovanfor.

Lovheimel

Ikkje heimla i lov.

1. Før du mottek prosjektstøtte

Send søknad til Utdanningsdirektoratet innan fristen 1. desember i året før tilskottsåret.

Søknaden skal gje følgjande opplysningar om søkjarorganisasjonen:

  • organisasjonens namn i samsvar med registrering i Einingsregisteret
  • organisasjonsform, dokumentert med utskrift frå Einingsregisteret
  • organisasjonsnummer
  • postadresse
  • søknadsbeløp
  • bankkontonummer for utbetaling av eventuell prosjektstøtte, og stadfesting frå bank av at bankkontoen tilhøyrer søkjarorganisasjonen (søkjarorganisasjonen sitt namn og organisasjonsnummer skal gå fram av banken si stadfesting)
  • to e-postadresser, der ei av desse er organisasjonen si felles e-postadresse
  • organisasjonen si eventuelle nettsideadresse
  • adresse
  • telefonnummer
  • oppdatert informasjon om dagleg leiar, styreleiar og eventuelt andre ansvarlege nøkkelpersonar i organisasjonen
  • organisasjonen sine vedtekter
  • organisasjonen sin siste årsrapport og revisorattesterte årsrekneskap med notar
  • årsbudsjett for organisasjonen og prosjektbudsjett for søknadens tiltak
  • opplysning om det er søkt om tilskott frå andre instansar til tiltaket/aktiviteten
  • opplysningar om korleis prosjekttiltak er retta mot eitt eller fleire av sektormåla i grunnopplæringa. Skildringa av tiltaka/aktivitetane må få klart fram omfanget og forventa verknad av tiltaket i høve til tilskottsordninga si målsetting, kva målgrupper tiltaket gjeld, og i kva omfang og på kva måte dette vil bli gjennomført
  • organisasjonen sine kvalifikasjonar, føresetnader og planar for gjennomføring av prosjektet

Det er utarbeidd to vedleggsmalar til søknaden, som er obligatoriske og som begge skal fyllast ut og leggast ved søknaden.

Obligatoriske søknadsskjema

Søknadsskjema for 2018 - bokmål (docx)

Søknadsskjema for 2018 - nynorsk (docx)

Vedleggsskjema til prosjektsøknaden - bokmål (xlsx)

Vedleggsskjema til prosjektsøknaden - nynorsk (xlsx)

Søknadsfristen for 2018 er 1. desember 2017.

Søknader som er mottekne hos Utdanningsdirektoratet etter søknadsfristen, blir ikkje saksbehandla.

2. Slik blir prosjektstøtta berekna

Ordninga har ikkje berekningsreglar. Løyvinga på posten blir fastsett etter vedtak i Stortinget.

Utdanningsdirektoratet vurderer søknadene og fattar vedtak om fordeling av midlar etter ei totalvurdering på skjønnsmessig grunnlag.

3. Dette må du rapportere

Du skal sende inn slik rapportering innan 1. juli i året etter tildelingsåret:

Prosjektrapport og eventuelt andre dokument som skildrar gjennomføringa av prosjektet i tilskottsåret.

  • Av rapporten må det gå fram korleis organisasjonen gjennom prosjektet har medverka til å nå sektormåla for grunnopplæringa, og korleis organisasjonens tiltak er gjennomført i samsvar med vilkåra for innvilga prosjektstøtte.

Prosjektrekneskap og revisjonsmelding for prosjektet.

  • Prosjektrekneskapen skal kunne samanhaldast med prosjektbudsjettet og vere spesifisert på underpostnivå i samsvar med Norsk Standard Kontoplan NS 4102.
  • Tilskottet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i prosjektrekneskapen eller i note til prosjektrekneskapen.
  • For tilskott som overstig kr 100.000, skal prosjektrekneskapen reviderast av statsautorisert eller registrert revisor.

Årsrekneskap og årsrapport for organisasjonens samla verksemd i tildelingsåret. Tilskottet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i resultatrekneskapen eller i note til årsrekneskapen.

Statsautorisert/registrert revisor skal:

  • Attestere årsrekneskapen og prosjektrekneskapen for tilskott som overstig kr 100.000. Revisjonsmeldingane må innehalde opplysningar om økonomisk nettoresultat i dei reviderte rekneskapane.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!