Folkehelse og livsmeistringOverordna del

Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gir høve til å ta ansvarlege livsval. I barne- og ungdomsåra er utvikling av eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet særleg avgjerande.

Eit samfunn som legg til rette for gode helseval hos den enkelte, har stor betydning for folkehelsa. Livsmeistring dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betydning for meistring av eige liv. Temaet skal bidra til at elevane lærer å handtere medgang og motgang og personlege og praktiske utfordringar på ein best mogleg måte.

Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar høyrer òg heime under dette temaet.