vg2 overflateteknikk (OFT02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggjeog gjennomføre
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
arbeid for å unngå skadar på menneske, materiell og miljø i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit og reflektereÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
over konsekvensane av å ikkje følgje regelverketÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- rekne ut areal og materialforbruk i tråd med arbeidsbeskrivingar ved hjelp av analogt og digitalt utstyr
- drøfteulike løysingar som påverkar miljøet og bidreg til reduserte kostnader for kunden
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- drøftekva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap og beskrive
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivetÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, brukepersonleg verneutstyr og reflektere
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
over konsekvensane av støy, vibrasjonar og støveksponering for yrkesutøvarenÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- bruketeikningar, standardar, spesifikasjonar, prosedyrar og arbeidsbeskrivingar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- dekkje til og maskere underlag og detaljar som ikkje skal overflatebehandlast
- førebyggje, identifisere og utbetre målingsfeil og vurderekonsekvensane av avvik
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- brukestigar, arbeidsplattformer og stillas og setje i verk tiltak for å redusere risiko ved arbeid i høgda
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- gjere greie forkorleis ulike kjemikalium og belegg opptrer i samspel med kvarandre, og beskrive
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
dei ulike prosessane for tørking og herdingÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- kjeldesortere og handtere kjemikalium etter gjeldande regelverk, oppfylle substitusjonsplikta og reflektereover konsekvensane av feilhandtering
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skjere ut sjablongar, maskering, tekst og symbol digitalt
- gjere greie forkvalitetssikringssystem og dokumentere
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
eige arbeidÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- reflektereover fordeler og ulemper ved ulike entrepriseformer
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- planleggjeprosjekt, berekne kostnader og drøfte
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
faktorar som påverkar lønnsemda til bedriftaÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget helse, miljø og sikkerheit når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget. Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver.
Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer eit eller begge programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i programfaget helse, miljø, tryggleik og kvalitet. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget helse, miljø og sikkerheit ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget helse, miljø og sikkerheit basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.