Matematikk R (MAT03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter matematikk R1

  • planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid med reelle datasett knytte til naturvitskaplege tema og forhold, og analysere og presentere funn
  • forstå omgrepa vekstfart, grenseverdi, derivasjon og kontinuitet og bruke desse for å løyse praktiske problem
  • bruke ulike strategiar for å utforske og bestemme grenseverdiar til funksjonar, og utforske og argumentere for bruksmåtar for grenseverdiar
  • bestemme den deriverte i eit punkt geometrisk, algebraisk og ved numeriske metodar og gi døme på funksjonar som ikkje er deriverbare i gitte punkt
  • analysere og tolke ulike funksjonar ved å bruke derivasjon
  • bruke derivasjon til å analysere og tolke eigne matematiske modellar av reelle datasett
  • utforske og forstå reknereglar for potensar og logaritmar og bruke ulike strategiar for å løyse eksponentiallikningar og logaritmelikningar
  • modellere og analysere eksponentiell og logistisk vekst i reelle datasett
  • gjere greie for og argumentere for om ein funksjon er kontinuerleg eller diskontinuerleg i eit punkt i eit definisjonsområde, og gi døme på bruksmåtar for diskontinuerlege funksjonar
  • utforske, analysere og derivere ulike funksjonar og dei omvende funksjonane deira, og gjere greie for eigenskapar ved og samanhengar mellom slike funksjonar
  • bruke parameterframstillingar til linjer og bruke parameterframstillingar til å løyse naturvitskaplege problem
  • forstå omgrepet vektor og reknereglar for vektorar i planet, og bruke vektorar til å berekne ulike storleikar i planet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering