Matematikk R (MAT03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i matematikk R inneber å skape meining gjennom å samtale i og om matematikk. Det vil seie å vere med i samtalar, å kommunisere idear og å drøfte matematiske problem, strategiar og løysingar med andre. Det handlar òg om å beskrive og diskutere abstrakte matematiske omgrep.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i matematikk R inneber å beskrive og forklare samanhengar, oppdagingar og idear ved hjelp av formålstenlege representasjonar. Å kunne skrive i matematikk R er ein reiskap i eiga læring og for å utvikle eigne tankar.
Å kunne lese
Å kunne lese i matematikk R inneber å skape meining i matematiske og samfunnsfaglege tekstar. Å kunne lese i matematikk R inneber å sortere informasjon, å analysere og vurdere form og innhald og å samanfatte informasjon frå samansette tekstar. Det inneber òg å finne og bruke informasjon i komplekse tekstar med avansert symbolspråk og omgrepsbruk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i matematikk R betyr å bruke symbolspråk og matematiske omgrep og framgangsmåtar til å gjere utrekningar og vurdere om løysingar er gyldige. Dette inneber å kjenne igjen problem som kan løysast med matematikk, og formulere spørsmål om desse. Det inneber òg å analysere og løyse ulike komplekse problem med effektive og formålstenlege strategiar, omgrep, symbol og metodar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i matematikk R inneber å bruke digitale verktøy til å utforske, formulere og løyse matematiske problem. Vidare vil det seie å finne, analysere, behandle og presentere informasjon med digitale verktøy.