Leppe-kjeve-ganespalte

Barn og elevar med leppe-kjeve-ganespalte kan ha utfordringar med talespråkutviklinga. Derfor treng dei ekstra språkstimulering i barnehagen og på skulen.

De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar leppe-kjeve-ganespalte, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.