Alle reglane som gjeld for samansetning av fag finn du i fag- og timefordelinga.
Nytt i LK20 er at elevar i programområde for språk, samfunnsfag og økonomi kan få godkjend matematikk S eller R som eitt av fordjupningsfaga sine. Endringa gjeld berre for dei elevane som begynte i Vg1 hausten 2020 og som følgjer innføringa av LK20.
Når de skal gje råd til elevane er det viktig å ta utgangspunkt i den einskilde elev og dei kompetansane som er skildra i læreplanene.