Læreplan i tømrarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (TMF3-01)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2008

Føremål

Tømrarfaget representerer store verdiar i byggjenæringa. Faget blir drive i store og små verksemder over heile landet, og fagutøvinga varierer frå enkelt manuelt arbeid til bruk av avansert verktøy og utstyr. Tømrarfaget er eit tradisjonsrikt fag som skal vere med på å sikre estetiske og kulturelle verdiar i bransjen.

Opplæringa skal medverke til å utvikle kompetanse på bygging og montering av ulike typar trekonstruksjonar og innreiingsarbeid i nybygg og ved rehabiliteringar. Opplæringa skal også vere med på å fremme sjølvstende, kreativitet, yrkesvørdnad, gode og trygge arbeidsvanar og evne til kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Opplæringa skal leggje vekt på å utvikle fagleg fellesskap og bransjeforståing og leggje grunnlag for ei berekraftig utvikling. Opplæringa skal sikre krava til helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er tømrar.

Struktur

Tømrarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon

Bransjelære

Hovudområde

Produksjon

Hovudområdet handlar om oppsetjing av nye bygg med bruk av ulike typar materiale. Det omfattar også rehabilitering og vedlikehald av eksisterande bygningar. Byggjeskikkar og sikring av estetiske og kulturelle verdiar står sentralt. Hovudområdet omfattar bruk av verktøy og maskiner, bruk av preaksepterte løysingar og kvalitetssystem, teikningar og beskrivingar og gjeldande regelverk. Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av arbeid høyrer med. Hovudområdet dekkjer også kjeldesortering, avfallshandtering og helse, miljø og tryggleik.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om ulike typar materialar og bruksområda deira. Bruk av beskrivingar, teikningar og dokumentasjon inngår. Prinsipp for oppgradering av eldre bygningar og bygningsfysikk høyrer med. Dessutan inngår faghistorie, kva plass faget har i samfunnet, og etiske retningslinjer.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla. Dei medverkar til å utvikle og er ein del av fagkompetansen. I tømrarfaget skal grunnleggjande ferdigheiter forståast slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i tømrarfaget inneber å kommunisere med kundar og kollegaer og ulike samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessane fram til det ferdige produktet. I tillegg vil det seie å diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.

Å kunne lese i tømrarfaget inneber å finne fram i relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, monteringsrettleiingar, teikningar, produktomtalar og arbeidsforklaringar.

Å kunne rekne i tømrarfaget inneber å gjere overslag over tidsbruk og kostnader, rekne ut vekt, areal, volum og mengder. I tillegg gjeld det ulike former for masseutrekning. Det inneber også bruk av målestokk og utrekning av vinklar, høgder og fall.

Å kunne bruke digitale verktøy i tømrarfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber også å bruke slike verktøy til målingar og utrekningar.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • planleggje, utføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
  • utføre byggje- og monteringsarbeid etter teikningar og beskrivingar
  • byggje nye utvendige og innvendige konstruksjonar av tre og stål
  • byggje nye utvendige og innvendige konstruksjonar i bygningar av tre, mur, stål og betong
  • velje, tilverke og bruke materialar til konstruksjonar og innreiingsarbeid
  • byggje og montere ulike typar etasjeskilje og leggje ulike typar tregolv og trebaserte golv
  • byggje og montere ulike typar komplette veggkonstruksjonar
  • byggje og montere ulike typar komplette takkonstruksjonar
  • montere vindauge og dører og isolere og tette rundt dei
  • byggje ulike typar utvendige trekonstruksjonar
  • montere ulike typar listverk utvendig og innvendig
  • montere ulike typar innreiing
  • ta vare på byggjeskikkar og byggjetradisjonar ved utføring av rehabiliterings- og vedlikehaldsarbeid
  • dokumentere eige arbeid ved bruk av preaksepterte løysingar
  • utføre arbeid i samsvar med kvalitetsstyringssystem i byggjenæringa
  • utføre kjeldesortering og handtere avfall
  • montere ulike typar stillas i samsvar med gjeldande regelverk
  • byggje om eksisterande bygningar til nye funksjonsområde i samsvar med gjeldande regelverk
  • bruke ulike typar måleverktøy
  • sikre estetiske og kulturelle verdiar ved arbeid i faget
  • velje konstruksjonar og løysingar ved rehabiliterings- og ombyggingsarbeid som førebyggjer skadar
  • utføre arbeidet i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik
  • utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp

Bransjelære

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • gjere greie for den historiske utviklinga av faget og kor viktig det er for samfunnet i dag
  • gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk for kva rettar og plikter kunden, under dette reglar om klagerett
  • gjere greie for gjeldande regelverk og drøfte etiske retningslinjer i faget
  • drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen
  • utføre geometriske utrekningar og dokumentasjon ved hjelp av digitale verktøy
  • lage skisser og konstruksjonsteikningar
  • gjere greie for prinsippa ved oppgradering av eldre bygningar i samsvar med gjeldande regelverk
  • bruke grunnleggjande bygningsfysikk i arbeid med faget
  • velje eigna materiale til ulike typar arbeid og grunngi vala
  • gjere greie for gjeldande regelverk for avfallshandtering

Vurdering

Vg3 tømrarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon

Bransjelære

Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fem vyrkedagar.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!