Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-02)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Føremål

Programfaget medie- og informasjonskunnskap byggjer både på ein humanistisk og ein samfunnsvitskapleg tradisjon. Eit historisk perspektiv er grunnleggjande når ein skal studere forholdet mellom medium og samfunn. Dette er ikkje minst viktig for å forstå media si rolle som føresetnad for ytringsfridommen og dermed for demokratiet. Makt og påverknad er tett knytt til media nasjonalt og internasjonalt. Difor er det viktig å studere media med analytisk og kritisk blikk.

Programfaget skal medverke til at den einskilde skal kunne uttrykkje eigne meiningar og delta aktivt i demokratiske prosessar. Media har mykje å seie for kulturell identitet hos individ og grupper, og programfaget kan medverke til å skape medvit om samanhengar mellom medium og identitet. I mange yrke er det viktig å ha kunnskap om og innsikt i den rolla media spelar i samfunnet. Programfaget skal medverke til sjølvinnsikt og danning, og kan dermed vere ein god basis både for yrkesliv og studium ved høgskular og universitet.

I dette programfaget er det viktig å kunne finne, ta imot, handtere, integrere og evaluere informasjon som basis for vidare arbeid med eigne uttrykksformer i tekst-, lyd- og bildemedium og kombinasjonar av desse. Å øve opp evne til bevisst og sjølvstendig kritisk tenking i møte med ulike typer av kjelder er ein del av opplæringa. I opplæringa skal det difor leggjast til rette både for diskusjon av etiske spørsmål og utvikling av estetisk sans, og for opplevingar og kreativ utfalding. For å knyte saman desse ulike sidene ved programfaget skal det leggjast vekt på medieproduksjon og journalistisk metode. Opplæringa bør ta utgangspunkt i den einskilde som aktiv og interessert mediebrukar og leggje vekt på å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre.

Side 1 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!